Saturday, June 28, 2008

Leaving Vietnam, for denne gong :)






Nha trang var veldig turistprega og som ein anna "syden stad" som vi ville sagt. Likevel er det noko med det vietnamesiske folket, saa vennlege og takksame, som gjer at det ikkje er ein random syden plass likevel. Vi koste oss iallefall, og reiste ikkje heilt frivilleg vidare etter berre to dagar paa den vakre, laaange stranda.

Sleeping bus igjen, og 10 timer fraa avreise var i komne til Ho Chi Mihn City(Saigon). Det skulle vise seg aa verte nokre effektive, innhaldsike dagar i Vietnams stoerste by med 9 mill innbyggjarar og tilhoyrande 5 mill motorbikes. (Vietnams totale befolkningstal er 85 mill.)

Vi kom til byen i seks tida om morgonen, heiv i oss litt toast paa naermaste sjappe og hoppa i ein taxi for aa finne Saigon Comfort Hotel som vi saa kreativt plukka ut fraa lonely planet boka. Det viste seg at vi mykje raskare kunne spasert dit enn aa kjore i runding rundt omraadet, men ein laerer saa lenge ein lever. Vi fekk eit rom, pissa aa pussa tenna og gjekk ut igjen. Mekong Delta tur stod paa dagsplanen. Mekong Delta er ei elv som strekk seg over 5 land: Kina, Vietnam, Kambodsja, Myanmar og Thailand. Vi testa ut ei lita stripe av den. Baaten vi var med sirkla rundt fem oyer, med dyrenavn: Phoenix, turtle, leprecon og to til som eg ikkje hugsar... Det var ein ekstemt varm dag, til mitt forsvar. Phoenix var vi innom, den bringer visst lykke. I lopet av dagen fekk vi sjaa korleis ein lagar ricepaper, og smakte. heilt ok. Vi hoerte paa tradisjonell vietnamesisk musikk(falskt og slitande, men ei oppleving som alt anna), eg saag til min forferdelse den storste, eklaste, styggaste edderkoppen i mitt liv!! og saa kjorte vi med hest og kjerre til ein biefarm. Honningteen var velsmakande, og hadde det ikkje vore for den dampande varmen og rennende svetten skulle eg har drukke to koppar! Den siste posten var godteri. Bokstaveleg talt. Vi fekk sjaa korleis ein lagar coconut candy - ein karamell med kokosnottsmak rett og slett. Namnam.

Slitne og svette var det like deilig som alltid med ein rensande dusj! Etter ein etterlengta cheeseburger tok vi turen til Saigon centre. AA heeei!! Det skulle vi ikkje gjort. Troettheta forsvann raskt daa vi saag mango butikken - og meir trengs ikkje utdypast. Vi blir lykkelege av shopping. Punktum.

Idag stod vi som vanleg opp tidleg tidleg, for aa faa det meste ut av dognet. Chu Chi tunellane var dagens oppleving. Sjolv om guiden snakka naermest uforstaaeleg vietenglis var det ein laererik tur. Vi saag ein film som introduksjon, og vandra gjennom skogen med mange feller, holer, tunnellnedgangar og anna staesj. Vi gjekk gennom en 30 m lang tunnell, og det holdt. klaus! Men desto meir verkeleg vart vietnam krigen og den smarte krigforinga vietnamesarane dreiv. Dei brukte det dei hadde: ikkje kjemiske vaapen, men kloekt og sine smaa, bevegelige kroppar.

Tunellbygginga starta i 1940 aara daa vietnam var i krig mot Frankrike. Byggjinga fortsatte, og under Vietnam krigen(mot usa)var det underjordiske tunellar paa tilsaman 250 km. Vietnamkrigen var over i 1975 - resultatet var 60 000 dode am. soldatar og 3 mill vietnamesarar. Krigen gjekk hardt utover dei sivile. Paafolgjande vart 4 mill vietnamesarar ramma grunna usas bruk av kjemiske vaapen.

Tilbake i HCMC(Saigon) straalte sola og vi gjekk i parken for aa lese bok. Vi hadde knapt funne ein benk foer det kom ei lita jente og ville bli venn. Heilt nydeleg var ho! Ho ville ogsaa ha solkrem og smorte seg paa halsen naar eg gjorde det, og paa foten naar eg gjorde det. Saa arti! Etter ho forlot oss kom det ein gut og lurte paa om han kunne sitje paa benken med oss. Han hadde ei liste med engelske setningar som han trong forklaringar paa, og uttalemaate. Veldig kjekt aa hjelpe ein vietnameser ivirg paa a laere engelsk - ordentleg engelsk. Han var flink, og laerte seg engelsk paa eigenhand ved bla. aa sjaa filmar og notere seg ord han ikkje skjonte. Lurt. HAn var vel paa alder med oss, og var snart ferdig med data utdanning - og daa ville han proeve aa faa seg jobb i Japan. Det var hans "american dream". Han viste oss ogsaa litt japansk som han dreiv aa laerte seg. Alle landa i Asia har visst ulikt alfabet! han forklarte oss litt alfabetgrupper, som likner, men dei har nesten alle ulike teikn! Syyykt!

Plutsleg begynte det aa regne og vi sa farvel til den unge lovande. Vi drog paa shopping. Saaklart. Lykken i livet :)
Vi avslutta dagen med middag paa Paris Dehli - kjempe kosleg stad, med friske blomar paa kvart eitt bord :)

I morgon reiser vi over grensa til Kambodsja og Phom Pehn. Nytt land, nye opplevingar. Vi gler oss :)

1 comment:

Kay Amund said...

Spennede å få høre litt historiske hendinga fra Vietnam!
Lykke til me shoppinga, å event overvekt på flyet;)