Thursday, June 19, 2008

"Reiseskildring" ;)

Etter tre dagar i Hanoi, med ein dags avbrekk fraa storbylivet til utforsking i Halong Bay - kjende vi oss metta paa taxi scam, valdlege massoeser, grilla grashopper, picture -picture miss miss, og hoppa paa bussen vidare. (Berre saa det er sagt var Hanoi ei positiv oppleving, til siste dag daa vi hadde litt uflaks. Generellt er vietnamesarane eit skjoennt og veldig vennleg og hjelpsamt folk, noko vi har merka meir og meir.)


"Sleeping bus" heitte framkomstmidlet vi skulle reise med. Spanande, tenkte vi, med ein lettare rusten og illeluktande thai bus fraa foerre reise i tankane. SUPRISED vart vi daa det faktisk var ein sleeping bus!!!! Og liknande har vi aldri sett! Ein buss med berre liggande sete, 2 meter lange liggande sete! Ei fryd, og veldig komisk. Haka ved bussturen var at den var beregna til 12 timar. Grunna punktert dekk eit par gongar undervegs tok turen ikkje mindre enn 18 timar. Og kva gjorde vi, som laag godt plassert bakerst i bussen - vi soev heile vegen!! Kanskje med eit par minutts avbrekk daa det tordna og lyna og vietnamesarane heiv skjortene for aa skifte dekk. Ekte mannfolk, meinte irina om arbeidsvilja deira.

Vel framme i Hue, ein ny by, heiv vi sekkane paa ryggen og spaserte den lille turen ned gata til hotellet vaart. Laerte fra thailandturen at aa vandre rundt med 80 liters sekken i 40 grader og steikjande sol medan vi leita etter husvaere - ikkje er noko vi vil gjere igjen. Svaret: hotels-in-vietnam.com, saa bookar vi berre dagen i forvegen. Men ja, tilbake paa sporet. Hue er ein kunstnarby, kjent for sine artgalleries og for sin spanande arkitektur. Sidan vi verken er kunst- eller arkitekturinteresserte jumpa vi likegodt paa ein baat som tok oss med paa den viktigste sightseeingen. Blant dei, Hon Chen Temple og eit tempel til. Dei er alle like for oss, saa vi tok paa oss "holy-place-kleda" vaare(tildekte kne og skuldre)og tok nokre bilde, saman med dei altfor mange og altfor entusiastiske japanesarane.
Spiste litt, shoppa litt og soev litt. Farvel til Hue.

Opp tidleg, ny busstur med destinasjon: HOI AN. SKREDDERBYEN. need i say more?
ja, litt maa seiast her og:)
Hoi An er kjent som ein handelsby, heilt fraa 1400 talet daa det starta med salg av kvalitets silke(som byen enno er kjend for) og andre stoffer(nei, ikkje slikt stoff som du faar kjoepe paa godoya). Og kva er grunnen til at vi er her? For aa handle stoff!! Som vi faar sydd kjoler av ! Livet er rett og slett fantastisk. I morgon skal vi paa stranda og burne litt, foer vi maa proeve dei fire kjolane vi har bestilt. Og det skal bli meir :)))

Takk for merksemda, haaper du koste deg med denne langlesinga paa noko skralt nynorsk.

No comments: